Bussulykke i Skjåk med tragisk utfall

HomeRedning

Bussulykke i Skjåk med tragisk utfall

Tysdag 29. september kl 04.59. Brannvesenet får melding om trafikkulykke på RV 15 i Billingsdalen. Det gjeld utforkøyring med buss, en person er fastklemt. På skadestaden er det snøver, og temperatur på litt under 0 C Avstand frå Skjåk brannstasjon er ca. 32 km. Området har ikkje radiokontakt med 110, så her ville mobiltelefon bli løysinga.

Brannvesenet rykka ut med 10 mann, fordelt på 3 bilar og vaktbil. På tur fram til skadestaden, vart det diskutert og bestemt kva for utstyr, som raskt måtte klargjerast. Det var frigjeringsutstyr, løfteputar, sikringsmateriell og ikkje minst lysutstyr som var mest aktuelt i denne situasjonen. Ut frå denne førebuinga, vart dei ulike oppgåvene fordelt på mannskapa. 
På dette tidspunktet hadde ikkje brannvesenet fått meir utfyllande meldingar om ulykka.

På skadestaden kl. 05.27
Lege og ein ambulanse var allereie på plass. Bussen låg på sida i veggrøfta, og det vart raskt slått fast at denne låg stabilt og sikkert. Fagleiar brann fekk  kontakt med ein sjukepleiar som var passasjer på bussen, som forklarte situasjonen. Lege kunne  bekrefta at ein person, som låg delvis fastklemt under bussen, var død og fleire i bussen var skadde. Det var 43 passasjerar og 1 sjåfør på bussen. 
12 personar var kome ut av bussen ved eiga hjelp. Politi var ikkje ankome på skadestaden, og fagleiar brann måtte på dette tidspunkt også ivareta oppgåvane som innsatsleiar. Det vart da mange tankar om kva oppgåver, som måtte løysast på kort sikt. Vegen vart stengd for all trafikk. Ettersom den fastklemde personen var bekrefta død, kunne ein prioritere å få ut dei skadde og resten av passasjerane.

For å få passajerane ut, vart det beslutta å ta frontruta. Brannmannskapa evakuerte deretter dei skadde og resten av passasjerane som var igjen i bussen. Dette arbeidet gjekk greitt etter forholda teke i betraktning. Mange klaga over smerte og mindre skader.  Det vart tidleg kontakta fagsentral for rekvirering av buss (dette var da alt utført av AMK), for å kunne ha ein plass å gjere av passasjerane og deretter få frakta dei vidare. Etter kvart vart skadde og frosne passasjerar  plassert i ambulanse, brannbilar og andre biler som kom til etter kvart. Mange av passasjerane var tunt kledd og nokre utan sko. Mange måtte likevel stå ute, og desse vart så langt som mogeleg innpakka med teppe og bobleplast av brannmannskapa.

Ressursar
Politiet kom til staden ca. klokka 05.40. Det var godt samarbeid mellom alle etatane. Det vart etter kvart bestemt at vi varsla kriseleiinga i Skjåk kommune, for å ha eit apparat til å ta imot passasjerane.
Luftambulanse vart tilkalla, men måtte lande lenger sør i bygda på grunn av tett snøver på skadestaden Lege og redningsmann vart med ambulanse som kom frå Otta, til skadestaden.
Ambulanse frå Stryn og Otta kom litt over ein time etter den første ambulanse.

Det vart i tidleg fase vurdert utkalling av FIG og lokalt hjelpekorps. Dette vart uaktuelt ettersom buss var bestilt til passasjerane, og vi rekna med at denne ville komme fram før fleire hjelpestyrker kom fram.
Det var under redningsarbeidet tilstrekkeleg med mannskap, men det hadde vore greitt med fleire frå helse i tidleg fase, for å ta seg av dei skadde. 
Klokka 06.16 kom bussen, og passasjerane vart frakta til Bismo, der kriseleiinga tok i mot dei. På kommunehuset  fekk dei mat og varm drikke, og hjelp til det som var nødvendig. 16 av passasjerane var innom legekontoret for undersøking/behandling. To personar vart frakta til Eid Sjukehus, og ein person vart frakta til Lillehammer sjukehus i ambulanse. 
Når passasjerane var reist frå staden gjekk brannvesenet i gang med frigjering av den fastklemte. Sjølve redningsarbeidet gjekk greitt.
Skadestaden bar preg av ro blant redningspersonalet, noko vi trur smitta positivt på passasjerane. Passasjerane var utruleg rolege tatt forholda i betraktning.
 
Utfordringar
Å skulle takle ei stor bussulykke er ei utfordring i seg sjølv. Når ulykka skjer om natta og det er mørkt ute gjer det ikkje situasjonen betre. Heldigvis er brannvesenet utstyrt med godt lysutstyr, noko som kom godt med i dette tilfelle. I tillegg vil store avstandar mellom brannstasjon og ulykkesstad kunne gjeva lange innsatstidar.
Største utfordinga ved ei slik ulykke vil likevel vera å kunne ha ein  plass for å kunne leggja dei skadde, og elles kunne ta vare på frosne og sjokkskada  passasjerar.  Alle involverte i denne ulykka er lukkelege for at ikkje temperturen var lågare denne natta. Det er ikkje uvanleg med temperturar på
ned til – 20 C om vinteren. 

Dette er ein utfording ein må ta på alvor. RV 15 er ein heilårsope fjellovergang, med stor gjennomgangstrafikk mellom aust og vest. Det er fleire ekspressbussar i døgnet. 
Når det er dårleg ver og helikopter frå luftambulanse ikkje kjem fram, tek det lang tid å frakte pasientar til sjukehus, samstundes at det kan vere lite med fagpersonell til å behandle eventuelt hardt skadde på skadestaden. Frå  der bussulykka var denne gangen og til Lillehammer sjukehus er det 235 km. 
Det som vi ser kunne vore til stor hjelp med liknande ulykke vil vere sikringsmateriell (støttebein) for å stabilisere buss, dette var det ikkje behov for i dette tilfelle da bussen låg stabilt.
 

Lom og Skjåk brannvesen
Lom og Skjåk brannvesen dekker kommunane Lom og Skjåk og har to brannstasjonar. Det er i underkant av 5000 innbyggar.
Brannvesenet er bemanna med 24 brannkonstablar og utrykkingsleiar. Brannvesenet har vakt på eit befal, og har ikkje mannskapsvakt.
Brannmannskapa i Lom og Skjåk har god kompetanse. Mannskapa har gjennomført grunnutdanning med grunnkurs deltid frå Noregs brannskule. De har og gjennomført TAS 1, 2 og 3-kurs frå Stiftelsen Norsk Luftambulanse. TAS 3- kurs vart gjennomført i Skjåk i mai månad i år. Da vart også kriseleiinga i Skjå kommune øvd og fekk noko opplæring. På kurset øvde vi med buss i en situasjonen som var nokså lik denne ulykka. Elles har brannvesenet fokus på slike hendingar, noko vi øver på regelmessig.
Utstyret både til brann og redning er godt, men ein ser etter slik ulykke dukkar det opp nye utfordringar. Det blir nok framover tenkt spesielt på utfordringa med nedkjøling, når ei ulykke dukkar opp steder der det er lang kjøreveg og mange involverte.

COMMENTS