”Brannvesenet hadde ikkje lange nok stigar”

HomeBrann

”Brannvesenet hadde ikkje lange nok stigar”

Måndag 28.januar braut det ut ein større brann i ei bustadblokk i Odda. Brannvesenet fekk kontroll over brannen, men måtte seinare på kvelden driva brannslokking ovafor media

Det blei slått full alarm måndag 28.januar kl 15:19, meldinga var: 
”Det brenn i 1. etasje i ei bustadblokk, Røldalsvegen 86. Fleire personar kjem seg ikkje ut frå etasjane over”.
110 -sentralen hadde løypande kontakt med ein av personane som ikkje kom seg ut. Odda brannvesen rykte ut med alt tilgjengeleg mannskap. Totalt møtte fire befal, tre utrykkingsleiarar og 15 konstablar med to brannbilar og ein tankbil. 

Vakthavande befal kom til staden etter tre minutt. Då var leilegheita alt overtent, det var sterk røykutvikling og tre personar befann seg i etasjane over. Røykutviklinga gjorde at desse ikkje kom seg ned trappeoppgangen og det var ikkje råd å opphalde seg ute på altanane på grunn av røyk og eld. 
Naboar og forbipasserande var i gang med alt tilgjengeleg utstyr når brannvesenet kom fram. Dei gjorde ein god innsats og fekk ut tre personar.
Loggen til 110-sentralen viser: Brannen var under kontroll klokka 15.45.
Alle var komne ut av blokka og åtte personar var køyrt til sjukehus for sjekk før klokka 15.48.

Pressa si handtering av brannen
I 19-tida om kvelden blir det oppdaga at VG Nett hadde lagt ut nyheita med feit overskrift på framsida: ”Brannvesenet hadde ikkje lange nok stigar, dei sivile redda bebuarane frå flammehavet»
Kven hadde gjeve desse opplysningane? Kva gjer me nå?
Fakta er at Odda Brannvesen har lange nok stigar, hoppepute og tilgang til kommunens kranbil med korg som rekk 18 meter. I tillegg har Odda Energi bil med korg som kan rekvirerast og denne blei brukt i denne situasjonen.

Brannsjefen tok med ein gong kontakt med VG Nett, og fekk tak i vedkomande som hadde vakt. Vakthavande opplyste at hans kjelde var politiet! Brannsjefen gjorde journalisten merksam på fakta; opplyste kva for utstyr Odda brannvesen har, kva som blei brukt, kva som er kravet osv. Han skulle sjekke dette med politiet og etter ei stund blei artikkelen endra til: ”Brannvesenet hadde ikkje stigebil”. Den påstanden er heilt rett; Odda brannvesen har ikkje krav til stigebil, verken ut frå ROS-analyse eller brannordning.
Kva kan ein så lære av denne situasjonen der pressa feilinformerar og brukar store misvisande overskifter som sel bra? Ved å ta ei aktiv rolle overfor media når ein ser at det er lagt ut feilinformasjon, går det faktisk an å få fram fakta, til og med i rikspressa sine nettsider! 
Ved å vere aktiv, prøve å få fram fakta, så viser me at me ikkje har noko å skjule. Fakta skal fram og dei kan ikkje unngå oss. I dagleg drift har eg ein regel – har pressa prøvd å få kontakt og ikkje nådd fram – ring tilbake og ta ei aktiv rolle. Da kjem ein lengst med sine faglege synspunkt og er på offensiven overfor pressa.

COMMENTS